Kan vi gjere deg stolt av norsk spekemat?

Om TIND Spekevarer AS

Tind Spekevarer AS ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane. Her på Stranda starta Karl Ringstad produksjon av spekepølser allereie i 1884. Sidan den gong har vi bygt opp eit av de tyngste fagmiljø i Noreg. Å lage god spekemat er et handverk som krev lang erfaring, og vi er stolt av å føre denne arven vidare.
I 2006 fekk vi sjansen til å ta over fabrikken sjølv, og vi kunne sleppe laus all vår skaparglede og dyrke vår lidenskap for mat. Inspirert av nye smaksretningar, ønska vi å lage spennande høgkvalitetsprodukt som folk kunne være stolt av å servere. Vi håper du synes vi har klart det.
tind,produkt-samlet

Det særeigne med Tindprodukta

Vår rettesnor når vi lagar spekemat, er å bruke så lite salt som muleg for å få fram dei meir aromatiske smakane. Vi ynskjer å la kjøttsmaken, kryddene, urtene og modninga få lov å spele opp for å lage eit spennande og harmonisk smaksbilde. Dette har resultert i eit variert utval av eigenutvikla produkt. Smakane spenner frå det norske til det meir "sydlandske".

Serveringstips

Vi bruker sjølv vår spekemat i ei rekkje samanhengar. Vi synes den smaker nydelig som den er saman med god drikke som ein velkomst, eller som ein ”snack”. Den dannar og eit naturleg midtpunkt i eit smårettmåltid (tapas), saman med spennande tilbehør frå middelhavslanda eller andre nye norske spesialitetar.

Vi synes også vår spekemat gir en nydeleg smak til varme rettar. Kva med å drysse bitar av spekepølse over ein bakt eller grilla torskefilet på slutten av steiketida, eller å legge tynne skiver på toppen av ein heimelaga pizza etter at den kjem ut av omnen?

Vår spekemat er lettvint og førsteklassesmat til så mange anledninger. Eksempelvis til catering, pålegg til brød og baguetter etc, forretter, på buffé bordet, speketallerken, på pizza m.m. Muligheitene er mange. Prøv sjølv. Det fins fleire oppskrifter på www.tind.com

Daglig leder Rune Lødøen Tlf. 97 46 19 88 rune.lodoen@tind.com
Markedssjef Svein Andreassen Tlf. 94 78 55 61 svein.andreassen@tind.com   
Salgskoordinator May Katrine Løvoll Tlf. 97 67 99 21 may-katrine.lovoll@tind.com
Kvalitetsleder Arne Søreide Tlf. 95 79 93 06 arne.soreide@tind.com
Adm./ordre Else Nordang Tlf. 96 62 98 39 else.nordang@tind.com